Magne Haugens minnefond

15. august var det søknadsfrist for haustens tildeling frå minnefondet. Styret har no handsama søknadane og desse fekk støtte:

  • Volda rideklubb: Gratis rideleir for barn og unge
  • BUA Volda: Årleg driftsstøtte i 5 år
  • Volda sogelag: Førjulssøndag på Haulaleite

I tillegg har Eventyr i parken fått støtte til eventyrframsyninga dei hadde i Hornindal nyleg.

Det er kjekt å kunne støtte positive tiltak for barn og unge i Volda/Ørsta 🙂

Vi kjenner oss trygge på at Magne Haugen ville sett pris på alt barn og unge i Volda/Ørsta får oppleve med god hjelp frå gåva han ba oss om å forvalte.

Neste søknadsfrist er 15. februar 2024. Les om fondet her👇

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar