Kjekk skitur med barneturlaget til Raudehytta

Søndag 8. januar tok fire spreke born og to vaksne turen frå Volda skisenter til Raudehytta (Kleppesætra). Frå Volda skisenter er det om lag 1,4 km til Raudehytta i nokså slakt terreng.

Det var mildt og opphaldsvér, og vi fekk til og med eit glimt av sola. Skihopp og grilling gjorde at det vart ein topp tur!

Neste tur vert skitur til Rotevassætra den 5. februar. Les om turen her. Bli med då vel! Og ta gjerne med nokon du kjenner 🙂

Fleire aktivitetar

Mandagstur Hombersetsætra-Rotsethornet 29. juni 2026

Siste mandagstur før sommarferien startar på Homberset. Vi går opp til Hombersetsætra. Herifrå følger vi ryggen vidare framover til Rotsethornet, før vi går bratta ned att til Kalsethola. Ein fin […]
Les meir

Mandagstur til Rambjørhornet 22. juni 2026

Rambjørhornet (frå Mosætra) var turmålet denne mandagen. Fin liten topptur med flott utsikt mot Ørsta sentrum, Mosegga, Sandhornet, Brekkeheida, Kjerringa, Saudehornet og Vassdalstinden. Vi fekk ein fin kveld, til og […]
Les meir

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

TUREN VART AVLYST SIDAN TURLEIAR SAT TÅKEFAST PÅ SHETLAND NB! Denne veka er mandagsturen flytta til TORSDAG Denne gongen tek vi turen opp fine Klungsdalen til Haddalshornet. Turen går på […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Aktivitetar