Mandagsturar

Ansvarleg: Runa Bakke, tlf.: 91621147 e-post: trykk her

Frå byrjinga av mai til slutten av september går vi turar i Volda/Ørsta/Ytre Søre Sunnmøre kvar mandagskveld (med ei pause i sommarferien).

  • Oppmøte på øvste parkeringsplassen ovanfor Øyra skule, på nedsida av Globalskulen
    (Kårstadvegen 5)
  • Avreise kl. 18. Møt opp litt før. Anna oppmøte vert annonsert.
  • Vi køyrer kvar sin gong. Har du ikkje bil, er du likevel velkomen til å vere med.

Turane er for vaksne (18 år +) og varer frå 2-4 timar, avhengig av når det blir mørkt. Du bør vere litt trena for å ha glede av turane. Vi ønsker at du betaler medlemskontingent dersom du vert med på turane. Du får sjølvsagt ein prøvetur før du bestemmer deg for om dette er noko for deg. Velkomen på tur!

Forslag eller ønske om turar kan meldast til friluftsforeninga@gmail.com

HUND: Vi får nokre spørsmål om ein kan ha med hund på turane. Det er ikkje forbod mot det og det kan vere triveleg. Men vi forventar at ein har respekt for at nokon kan vere redd for hundar. Det betyr at vi ønsker at hund skal vere i band og ikkje vere for nærgåande mot dei andre turdeltakarane utan at dei sjølve har ønske om det.

Tidlegare mandagsturar

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Vi startar frå p-plassen på Volda skisenter og følger traseen opp til toppen av skitrekket. Og då er vi på Sandhornet. Dette er ein kort tur på knapt 1, 5 […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Aktivitetar