Mandagstur til Gyrinakken 8. mars

Årets første mandagstur gjekk til Gyrinakken på grensa mellom Herøy og Sande. Vi gjekk frå Leikongsida. Først på skogsveg og så på sti. Det var ein mild, fin kveld og vi fekk nyte den vide utsikta frå toppen. Turen til Gyrinakken er nokså kort, så vi fann ut at vi også skulle ta turen til Roskarristninga. Vi måtte gjennom skog utan sti for å kome dit, og det same på retur. Vi fekk traska litt i terrenget før vi fann vegen på tilbaketur. Fin trim 🙂 Vi var ni på tur denne kvelden.

Fleire aktivitetar

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

NB! Denne veka er mandagsturen flytta til TORSDAG Denne gongen tek vi turen opp fine Klungsdalen til Haddalshornet. Turen går på fin sti til topps, der det er flott utsikt! […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Mandagstur til Røddalshornet 1. juni 2026

Turen gjekk til Røddalshornet i Sande kommune. Det er ein tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km. Mange let seg nok skremme av regnet tildegare […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Aktivitetar