Om oss

Friluftsforeninga Volda har som formål å vere ei foreining for friluftsinteresserte, med motto ”Friluftsliv for alle, året rundt”. Foreninga skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenleg friluftsliv gjennom tilrettelegging og arrangement, og for sikring av friluftslivets natur- og kulturgrunnlag.

Her finn du informasjon om aktivitetane våre og om medlemskap

Styret i Friluftsforeninga Volda:

  • Runa Bakke, leiar
  • Therese Moltudal, nestleiar
  • Bjørg Flø, kasserar
  • Sonja Håvik, styremedlem
  • Cecilie Åmås, styremedlem
  • Eli-Mette Lüthcke, 1. varamedlem
  • Mona Kile, 2. varamedlem
Barneturlaget på Helgehornet

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar