Medlemskap

Friluftsforeninga har svært rimeleg kontingent: kr. 250 pr. år, og det er for heile familien!

Slik blir du medlem:

  • Meld deg inn via Spond ved å følge denne lenka. Når du har meldt deg inn, får du tilsendt krav på SMS/e-post. ELLER:
  • Send e-post til bjorg.flo@gmail.com, så får du e-post med lenke til Spond. ELLER:
  • Betal med Vipps. Legg inn e-postadresse og namn.

Meir informasjon i lenka under: Slik betalar du medlemskap

Kva får du att?

  • Du kan vere med på arrangement som t.d. mandagsturar, dameskikveldar, barne-/familieaktivitetar, hausttur
  • Du støttar arbeidet vårt med å legge til rette for friluftsliv. Vi ryddar og merkar turstiar, set opp skilt og turtavler
  • Vi har vore sterkt delaktig i opparbeiding av Stadionparken
  • Vi støttar drifta av BUA Volda (utlånsentralen) med ein fast sum pr. år, og vi har donert alt utstyr vi hadde dit
  • Vi samarbeider med kommunen om StikkUT! der vi m.a. bidreg med å legge turane på morotur.no, merkar rutene og får opp kodelappar
  • Vi gir støtte til aktivitetar som vanskelegstilte barn og unge kan ha glede av (Magne Haugens minnefond)

Som medlem i Friluftsforeninga Volda, støtter du arbeidet vårt. I tillegg får du delta på aktivitetar som er berre for medlemar. Det er sjølvsagt fint om du også vil delta på dugnadar, men det følger ingen forpliktingar med medlemskapen.

Slik betalar du medlemskap

Slik gir du gåve til Friluftsforeninga Volda

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar