Mandagstur til Sonjahytta 12. juni

Foto: BODIL DYBEVOLL

Denne mandagen tok vi turen til Holmøyane, så vidt over grensa til Stad kommune.

Veret var litt usikkert før vi starta, med regn og vind, men det vart ein fin, mild og flugefri kveld.

Nettsida nytnaturen.no har god omtale av turen til Sonjahytta. Vi kjørte skogsvegen så langt vi kom. På skogsvegen opp til Utigardsætra var det ein heil skog av lerk! Ingen av oss hadde sett så mykje på ein plass før. Frå setra gjekk stien skråande oppover mellom blåbærlyng før den etter kvart vart litt brattare. Vi måtte ha fleire stopp for å sjå på utsikta. Siste km gjekk slakt bakover mot Sonjahytta. Her kan du gå inn om du tek av deg på beina. Vi valgte å ta pause ute før vi returnerte. Vi var ti på tur denne kvelden og alle var samde om at det var ein gild tur 🙂

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar