Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Friluftsforeninga Volda samlar inn og brukar personopplysningar om deg.

Nettstaden sin eigar og kontaktopplysningar

Namn: Friluftsforeninga Volda
Org. nr.: 989 947 761
E-post: friluftsforeninga@gmail.com
Telefonnummer: +47 916 21 147

Friluftsforeninga beskyttar ditt personvern i følgje gjeldande lover og reglar og er behandlingsansvarleg av dine personopplysningar. Her kan du lese meir om korleis vi samlar inn og nyttar informasjon om våre brukarar, og korleis vi beskyttar brukarane sitt personvern. Du har rett til innsyn i eigne opplysningar.

Friluftsforeninga sel ikkje personopplysningar til tredjepart, og byter eller videreformidlar heller ikkje denne informasjonen med tredjepart.

Utanforståande kan kun få innsyn i denne informasjonen dersom dei skal gjennomføre bestemte tenester for oss. Ved påmelding av nyheitsbrev og kurs samlast det inn informasjon for å kunne nå deg. Desse opplysningane blir ikkje delt med andre.

Kva er ein «cookie»?

Ein «cookie», eller informasjonskapsel, er ei lita datafil som plasserast i nettlesaren din for å kunne halde oversikt over kva som skjer under ditt besøk og for å kunne gjenkjenne datamaskina. Dette er informasjon som er nødvendig for brukaropplevinga på nettsida. Ein «cookie» er ikkje eit program og inneheld ikkje virus. Du kan lese meir om «cookies» og korleis du kan blokkere dei her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/

Nettstaden sin bruk av «cookies»

Ved å nytte denne nettstaden – friluftsforeninga.no – samtykker du i at det blir sett «cookies» i nettlesaren din – i og med at dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer «cookies». Denne informasjonen kan på ingen måte sporast tilbake til ein enkeltperson.

Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av «cookies», kan du gå inn og trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren din. Vi gjer deg imidlertid merksam på at dette kan medføre at tenestene på våre nettsider ikkje fungerer optimalt.

Friluftsforeninga nyttar «cookies» for å analysere mønster i bruken og drive nødvendige funksjonar på nettsida. Funksjonar som er avhengige av «cookies» for å virke kan til dømes vere å hugse at du er innlogga, kva du har lagt i ei handlekorg eller om du er ein eksisterande eller ny brukar av nettstaden.

Data som samlast inn nyttast til å forbedre nettstaden sin funksjonalitet og brukarvennlegheit basert på brukarane sine behov og interesser. Data blir som hovudregel ikkje delt med tredjepart. Unntak frå dette kan vere ved at Friluftsforeninga får bistand av løysningsleverandørar med nødvendig teknisk og fagleg bistand, for å sikre optimal drift av nettstaden.

Fleire aktivitetar

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

NB! Denne veka er mandagsturen flytta til TORSDAG Denne gongen tek vi turen opp fine Klungsdalen til Haddalshornet. Turen går på fin sti til topps, der det er flott utsikt! […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Mandagstur til Røddalshornet 1. juni 2026

Turen gjekk til Røddalshornet i Sande kommune. Det er ein tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km. Mange let seg nok skremme av regnet tildegare […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Aktivitetar