Hausttur 2023 – Volda rundt

I år blei det ikkje helgatur, men dagstur, nemleg storrunda «Volda rundt». Ei lang og flott turrunde som går på fjella som omkransar tettstaden Volda. Laurdag 26/8 var verutsiktene så bra at vi bestemte at dette blir dagen for tur. Det går godt an å hoppe av undervegs dersom ein kjenner at det blir for langt, men alle 11 som starta turen, fullførte runda! Det var ein glad og stolt gjeng som kom til Ring i solnedgangen, siste stopp før vi gjekk ned att til sivilisasjonen

Vi starta kl. 7 opp til Rotsethornet. Ein litt brå start, men vi gjekk i roleg tempo og stod på toppen før dei fleste hadde stått opp. Så rusla vi vidare bakover i den flotte furuskogen til Homborsetsætra. Herifrå gjekk vi opp til Fannene (eller Heidane som det står på kartet). Ei lita pause her før vi gjekk vidare til Hornet og ned til Vadsteinsætra. Så ei litt travel oppstiging til Koppefjellet utan noko særleg med sti, der dagens hovudpause venta oss. Her stakk også sola fram. Vi fekk kvile beina, fylle på med næring og nyte utsikta.

Den store spenninga knytte seg til Vatnenipa, som venta på oss etter Koppefjellet, for her er det nokså bratt ned. Men vi hjelpte kvarandre og alle saman kom seg fint ned. Så er det ei fin vandring bort til Hestehornet. På Hestehornet var det fullt av flygemaur så her var det berre å kome seg vidare ned den bratte ryggen, over myra til skiløypa og bort til depotet vårt på P-plassen på Krøvelseidet. Her blei det sko- og klesskift, påfyll av mat og drikke, og vi fekk legge i frå oss det vi ikkje trengde i sekken på resten av turen.

Den siste motbakken venta no på oss. Først opp til Sandhornet der vi fulgte skiløypa til Melshornet. Vi tok av til Sandhornet i «Sinsenkrysset». Her er det dårleg med sti, så her måtte vi finne vår eiga rute. Frå Sandhornet vidare på god sti til Grøthornet og Melshornet. Då vi kom til Melshornet var det to timar att til solnedgang og vi hadde endå eit stykke att, dermed var det berre å sette nasen vidare mot Vardehornet og Ring. Vi vandra vidare inn i ein flott solnedgang. På Ring måtte vi feire litt før vi starta på aller siste etappe ned til sivilisasjonen. Vi kom oss ned att omtrent i det mørket kom.

Fun facts:

  • 28,8 km langt, 2450 høgdemeter opp og 2410 høgdemeter ned, ein haug med skritt og ein haug med forbrukte kcal.
  • Fjelltoppar: Rotsethornet (649 moh), Fannene/Heidane (648 moh), Hornet (693 moh), Koppefjellet (940 moh), Vatnenipa (933 moh), Hestehornet (688 moh), Sandhornet (659 moh), Grøthornet (746 moh), Melshornet (807) moh, Vardehornet (595 moh). Og så har vi Homborsetsætra ca. 450 moh, Vadsteinsætra ca. 500 moh, Krøvelseidet 250 moh, Ring 511 moh.
  • Flott turver: Mildt og lite vind. For det meste lettskya, litt sol og nokre få regndropar. Shorts- og t-skjortever

Takk for turen! 🙂

Her er turomtale: https://morotur.no/tur/Volda-rundt-storrunda (NB! denne har ikkje med Fannene/Heidane, Sandhornet og Grøthornet)

Aktivitetar