Mandagstur til Kristianmyrvatnet 14. august

På den første haustmandagsturen tok vi turen til Kristianmyrvatnet, ei skjult perle i Bjørkedalen . Turen opp til vatnet er variert og fin med flott utsikt ned til Bjørkedalen. Kvelden var mild og fin, og på heimtur stoppa vi ved oppgangssaga. Imponerande ingeniørkunst! Vi kjørte rundt Austefjorden heim att og fekk ein nydelig solnedgang. Vi var sju på tur

Vil du ta turen seinare: Køyr bomveg opp Laurdalsvegen til brua/grinda. Turen startar like etter brua og er skilta og godt merka. Det er ein nokså lett tur; 4 km tur/retur og ca. 180 høgdemeter.

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Vedviknibba 17. august 2026

Vedviknibba står på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Vi startar ved Tua øvst i Stigedalen. Først på grusveg 3-400 m forbi eit artig trollgjerde, […]
Les meir

Mandagstur Hombersetsætra – Rotevatnet 29. juni 2026

Siste mandagstur før sommarferien starta på Homberset. Det var regn i lufta så vi bestemte ganske raskt at vi skulle gå den alternative ruta og ikkje ut til Rotsethornet. Men […]
Les meir

Mandagstur til Rambjørhornet 22. juni 2026

Rambjørhornet (frå Mosætra) var turmålet denne mandagen. Fin liten topptur med flott utsikt mot Ørsta sentrum, Mosegga, Sandhornet, Brekkeheida, Kjerringa, Saudehornet og Vassdalstinden. Vi fekk ein fin kveld, til og […]
Les meir

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

TUREN VART AVLYST SIDAN TURLEIAR SAT TÅKEFAST PÅ SHETLAND Denne veka var mandagsturen flytta til TORSDAG Turen skulle gå opp fine Klungsdalen til Haddalshornet, på fin sti til topps, der […]
Les meir

Aktivitetar