Magne Haugens minnefond – tildeling

Sist søknadsfris var 15. august og det kom inn to søknadar. Ein av dei er ferdig handsama. Volda rideklubb fekk kr. 30.200 i tilskot for å arrangere gratis rideleir. Dei som ikkje har vore med før, skal prioriterast. Det er ikkje bestemt når rideleiren skal vere med endå, så følg med her eller på fb/insta om du synest dette ser spanande ut.

Takk til rideklubben for ein kjekk og positiv aktivitet! 🙂

Vi treng vi fleire opplysningar før vi kan handsame den andre søkanden.
I år har det blitt delt ut kr. 295 800 til ulike tiltak. Vi kjenner oss trygge på at Magne Haugen hadde sett pris på alle aktivitetane for barn og unge!

Neste søknadsfrist er 15. februar 2025. Lurer du på om du/din organisasjon kan søke?
Les om Magne Haugens minnefond her

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tek vi turen til Fyrdsheida. Turen startar ved tidlegare Austefjord skule og går i fin furuskog som etter kvart opnar seg. Flott utsikt frå toppen! Les meir om […]
Les meir

Mandagstur til Øyrahornet 11. mai 2026

Denne flotte mandagskvelden gjekk turen til Øyrahornet. Det er god sti frå Tjørvåg,- jamn stigning på ca. 400 høgdemeter og 1, 4 km. Frå toppen er det ei fantastisk utsikt. […]
Les meir

Mandagstursesongen 2026

Turprogrammet er klart og vi startar mandag 4. mai 🙂 Les meir her: https://www.friluftsforeninga.no/mandagstursesongen-2026/
Les meir

Mandagstur til Høgåsen 4. mai 2026

Planen var å starte årets mandagstursesong med tur til Litletua i Hareid kommune. Men veret gjorde at turmålet vart endra, så då gjekk turen til Høgåsen, Hjartå i staden. Skiftande […]
Les meir

Aktivitetar