Barneturlaget

Vi treng nye «kostar» til barneturlaget

Våre to flotte turansvarlege gjennom dei siste par åra, takkar no for seg og vi takkar dei for den innsatsen dei har lagt ned for å skape gode friluftsopplevingar for barn og unge.

Kan du tenke deg å vere med å ta ansvar for barneturlaget sine aktivitetar? Kanskje er de fleire foreldre som vil gjere dette i lag. Det er opp til dei som tek på seg denne oppgåva å bestemme både type aktivitetar og kor ofte. Er du interessert, ta gjerne kontakt så kan du få vite meir 🙂

Fleire aktivitetar

Mandagstur Hombersetsætra – Rotevatnet 29. juni 2026

Siste mandagstur før sommarferien starta på Homberset. Det var regn i lufta så vi bestemte ganske raskt at vi skulle gå den alternative ruta og ikkje ut til Rotsethornet. Men […]
Les meir

Mandagstur til Rambjørhornet 22. juni 2026

Rambjørhornet (frå Mosætra) var turmålet denne mandagen. Fin liten topptur med flott utsikt mot Ørsta sentrum, Mosegga, Sandhornet, Brekkeheida, Kjerringa, Saudehornet og Vassdalstinden. Vi fekk ein fin kveld, til og […]
Les meir

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

TUREN VART AVLYST SIDAN TURLEIAR SAT TÅKEFAST PÅ SHETLAND Denne veka var mandagsturen flytta til TORSDAG Turen skulle gå opp fine Klungsdalen til Haddalshornet, på fin sti til topps, der […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Aktivitetar