Print

29. juni 2015: Mandagstur til Hallehornet

hallehornet.jpg

Det blei ein flott tur til Hallehornet. Det hadde regna godt tidlegare på dagen og tåka låg tidvis lavt. Vi var difor spente på om vi kom til å få sjå noko av den flott utsikta frå toppen. Det fekk vi!

Turen til Hallehornet startar ved Steinstøylen fremst i Romedalen. Stien går like nedanfor øvste selet og vidare opp gjennom lia. Når du kjem oppå kanten går det ein utydeleg sti langs ryggen opp til venstre. Om du ikkje finn den, er det berre å sikte seg inn mot toppen. Stien som går langs vatna, er stien som fører til Molladalen. Vi var 13 på tur og brukte omlag 1t til topps. 

Romedalen er omlag 6 km lang og er fantastisk vakker, kanskje vakraste dalen i Ørsta! Ei fredeleig elv renn gjennom dalen som er omgitt av ville tindar. Frå Hallehornet har du utsyn mot Molladalstindane, mot Trongegga og Masdalshornet, mot Masdalskloven og mot Klovetinden. Du kan gå vidare langs ryggen til Middagshornet og kome ned att til Barstadsætra, eller til Romedalen der du starta.