Hausttur 2024 til Balestrand

Set av helga 30. august til 1. september!

Vi er glade for å kunne informere om at årets hausttur går til Balestrand. I boka «Opptur Sogn og Fjordane», vert Balestrand omtala slik:

Balestrand er kjend som kunstbygda i Sogn og hit har kunstnarar valfarta i over 100 år, fasinert av fjord og fjell og dei særprega lystilhøva. Esefjella skal vere eit av dei mest måla naturmotiva i landet. Fjellformasjonane varierer frå slake fjell og dalar til alpint landskap med brear. Eit særpreg ved fjellturane er at alle rutene gir storfelt utsyn til Sognefjorden, Fjærlandsfjorden og Vetlefjorden.

Vi har reservert rom på Midtnes hotell og fått slike romprisar:

  • enkeltrom m/frukost: kr. 1150 pr. natt
  • dobbeltrom m/frukost kr. 1450 pr. natt eller 1750 pr. natt

Informasjon om aktivitetar, turmål og påmelding kjem.

Aktivitetar