Hausttur

Kvar haust arrangerer vi weekend-tur.
Tidspunktet for haustturane er primært siste helga i august, eventuelt første helga i september. 
Vi startar weekend-turane med sosialt samver på fredag.
Laurdag går vi ein dagstur, før vi samlast til god mat og drikke om kvelden.
Søndag går vi ein kortare tur før vi reiser heim.

Her finn du oversikt over haustturar frå 1999 og fram til i dag

I 2024 går turen til Balestrand den 30. august til 1. september

Forslag til turar kan meldast inn til friluftsforeninga@gmail.com

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar