I år prøvde vi noko nytt. Det vart ikkje sett opp ei fast turliste, men turmål vart bestemte ca. ei veke før og tilpassa veret. Vi går nok tilbake til «gamal ordning» i 2026 med oppsett turliste for heile sesongen.
Sidan det var utbetring av Selvågtunnelen og kolonner på kvelden, vart det få turar på ytre søre Sunnmøre.
Nokrer harde fakta om 2025-sesongen:
25 personar har deltatt
flest deltakarar var det på turane til Hallehornet, Fyrdsheia og Tua frå Eidheim. Her var det sju med på kvar av turane
I snitt har det vore 4-5 på kvar tur. Som vanleg har nokre vore med på dei fleste turane, medan andre har vore med på berre ein eller to
Turen til Fyrdsheida var med i programmet til Naturfestivalen og hadde også langvegsfarande turgåarar
To turar vart avlyst på grunn av at turleiar var vekkreist og eit par fekk alternativ turdag
Veret: Det har vore mange kveldar med skya og nokre med lett regn, men også eit par tre solskinskveldar (Hallehornet, Hillesteinen, Tua)
I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]