2026 – kva skjer?

Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år i 2026, så velkomen til å vere med på aktivitetane våre.

  • fornye medlemsskapet eller melde deg inn for først gong – HER ER INFO
    Til deg som betalar med Vipps: Merk deg informasjonen om at du mottek ein betalingsførespurnad på e-post, som du berre kan slette
  • damskikveldane starta 12. januar og er avslutta. Litt magert med snø også i år, men det blei nokre fine kveldar
  • StikkUT! Vinter/ski varer til 2. påskedag. Etter ei lita pause startar sommarsesongen opp 1. mai. Du finn varierte turmål i fleire kommunar, også utanfor Møre og Romsdal. Les meir her
  • mandagsturar har oppstart første mandagen i mai
  • onsdagsturar – her kjem det mer info
  • hausttur til Jølsterområdet siste helga i august

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

NB! AVREISE PÅ DEI SISTE MANDAGSTURANE VERT KL. 17.30 Denne mandagen tek vi turen til Ulstein kommune og til ein artig topp med super utsikt. Vi startar frå parkeringsplassen ved […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

NB! AVREISE PÅ DEI SISTE MANDAGSTURANE VERT KL. 17.30 Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter […]
Les meir

Mandagstur til Levandehornet 24. august 2026

Denne mandagen tok vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet MEN vi reiste frå sol i Volda til overskya og skodde på toppane på […]
Les meir

Mandagstur til Vedviknibba 17. august 2026

Etter mange dagar med regn, dukka sola endeleg opp på denne mandagen! Vedviknibba stod på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Vi starta ved Tua […]
Les meir

Aktivitetar