Mandagstur til Melssætra 22. september 2025

Vi gjekk skogsvegen frå Melsvegen i godt driv. Det regna godt, men vi fekk også gløtt av blå himmel og kvite toppar. På Melssætra fann vi merka sti over mot Krøvelseidet. Vi fulgte denne til vi møtte skogsvegen. Her er det mulig å gå vidare på sti til Krøvelseidet, men det var ingen av oss som valgte det i dag. Så då blei det skogsvegen tilbake til start. Det er tatt ned mykje skog og det lukta godt av ferskt tømmer. Tre turgåarar våga seg ut i regnveret. Frisk luft er alltid godt 🙂

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Vi startar frå p-plassen på Volda skisenter og følger traseen opp til toppen av skitrekket. Og då er vi på Sandhornet. Dette er ein kort tur på knapt 1, 5 […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Aktivitetar