Turen vert laurdag – søndag siste helga i august. Dette blir ei flott helg med to spektakulære turar!
Laurdag 29. august:
Avreise frå Volda ca. kl. 8.00. Oldeskaret t/r frå Briksdalen. Ein turklassikar! Oldeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen i Jølster og Oldedalen i Stryn. Vi planlegg å gå opp til høgste punktet og returnerer tilbake til Briksdalen same veg som vi kom opp, då det er svært langt rundt og dermed utfordrande å arrangere henting av bilar. Flott utsikt heile vegen!
5 km og ca. 1000 høgdemeter. Vi reknar 5-6 t. på turen.
Middag og overnatting på Skei hotell. Middag ca. kl. 19.00 Pris på overnatting inkl. frukost: enkeltrom kr. 1495 dobbeltrom kr. 1695 (pr. rom). Middag kjem i tillegg
Søndag 30. august:
Eggenipa, det markante fjellet du ser når du køyrer frå Byrkjelo mot Skei. Du har vel mang ein gong tenke at der skulle eg har vore? No har du sjansen! Auka trafikk har ført til slitasje av råsa. I 2017 vart det difor bestemt å legge til rette for ein betre sti til og frå toppen. Prosjektet vart ferdig i 2026 og opningsdag var 27. juni. Du kan følge arbeidet på fb-sida til Eggenipa.
ca. 3 km og knapt 1000 høgdemeter
Påmelding innan 1. juli Påmeldingslenke. Første mann/kvinne til mølla.
Denne mandagen tek vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet Ca. 500 høgdemeter og 2,5 km ein veg. Turen er litt krevande Eit visst […]
Etter mange dagar med regn, dukka sola endeleg opp på denne mandagen! Vedviknibba stod på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Vi starta ved Tua […]
Siste mandagstur før sommarferien starta på Homberset. Det var regn i lufta så vi bestemte ganske raskt at vi skulle gå den alternative ruta og ikkje ut til Rotsethornet. Men […]
Rambjørhornet (frå Mosætra) var turmålet denne mandagen. Fin liten topptur med flott utsikt mot Ørsta sentrum, Mosegga, Sandhornet, Brekkeheida, Kjerringa, Saudehornet og Vassdalstinden. Vi fekk ein fin kveld, til og […]