Mandagstur til Vedviknibba 17. august 2026

Etter mange dagar med regn, dukka sola endeleg opp på denne mandagen!

Vedviknibba stod på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Vi starta ved Tua øvst i Stigedalen. Først på grusveg 3-400 m forbi eit artig trollgjerde, so over på skogsveg og etter kvart på sti. Nokre korte, bratte kneiker, men elles variert og på god sti. Om lag 2,6 km ein veg og knapt 500 høgdemeter.

For å vere sikre på at vi nådde heim før det vart veldig seint, tok vi ferge til Folkestad kl. 17.20.

Her er turomtale om du ikkje fekk vere med og vil ta turen på eiga hand

Utsikt mot Nordfjordeid
Flott kveld!
Turen går for det meste på sti, men har også eit lite stykke på traktorveg

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar