Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Dette er siste mandagstur denne sesongen. Turen går til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Vi går denne ruta. Om du vil møte opp på Klepp bør du vere der ca. 17.30 og vente der til vi kjem

Viss veret tillet det, fyrer vi opp bål, så ta med ei vedskie om du har. Eit bål er fint å samlast rundt.

Les meir om mandagsturane her NB! I haust har vi avreise kl. 17.30

HUGS LYKT I SEKKEN!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Aktivitetar