Slik betaler du medlemskap

  • Det er best for oss om du brukar Spond.
    • Til eksisterande medlemer sender vi ut påminning på e-post/SMS ved starten av året
    • Nye medlemer kan følge denne lenka. Når du har meldt deg inn, får du tilsendt krav på SMS/e-post.

Vi sender no ut medlemskontingent for 2026 til eksisterande medlemar.

Men du kan også betale slik:

  • Vipps: Søk opp Friluftsforeninga Volda, vippsnummer 11615, velg Medlemskap 2026. Legg inn e-post og namn og når du betalar, så hjelper du å oss med å halde oversikt over medlemar.
    • Når du betalar med Vipps, mottek du ein SMS frå kasserar: «Hei. Eg ser du har betalt medlemskap med Vipps. Det skal eg registrere manuelt i vårt medlemsregister, Spond. For å få gjort det, må eg sende ein betalinsgforspørsel frå Spond (e-post). Når du får den, treng du ikkje gjere noko, berre slette e-posten.»
  • Til konto: 3991 04 19254. NB! Merk betalinga med namn og kva år.   

Vi har familiemedlemskap. Prisen er kr. 250 pr. år for familie

Dersom du ikkje lenger vil vere medlem, er det fint om du melder i frå på sms (91621147) eller e-post.

Lurer du på om du har betalt? Ta kontakt så finn vi ut av det.

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar