Hallehornet

Mandagstursesongen 2025

I år prøvde vi noko nytt. Det vart ikkje sett opp ei fast turliste, men turmål vart bestemte ca. ei veke før og tilpassa veret. Vi går nok tilbake til «gamal ordning» i 2026 med oppsett turliste for heile sesongen.

Sidan det var utbetring av Selvågtunnelen og kolonner på kvelden, vart det få turar på ytre søre Sunnmøre.

Nokrer harde fakta om 2025-sesongen:

  • 25 personar har deltatt
  • flest deltakarar var det på turane til Hallehornet, Fyrdsheia og Tua frå Eidheim. Her var det sju med på kvar av turane
  • I snitt har det vore 4-5 på kvar tur. Som vanleg har nokre vore med på dei fleste turane, medan andre har vore med på berre ein eller to
  • Turen til Fyrdsheida var med i programmet til Naturfestivalen og hadde også langvegsfarande turgåarar
  • To turar vart avlyst på grunn av at turleiar var vekkreist og eit par fekk alternativ turdag
  • Veret: Det har vore mange kveldar med skya og nokre med lett regn, men også eit par tre solskinskveldar (Hallehornet, Hillesteinen, Tua)
  • Turmåla har vore: Skjenhaugen, Bjørnesethornet, Hallehornet, Botnasætra-Høgedalen, Årestsætra, Brekkeheida, Fyrdsheida, Hillesteinen, Vardeskaret, Kråkenakken, Melssætra, Gapahuktur (Grinda-Prestesætra-Heltnelihuken)

Aktivitetar