Snøhornet på Lauvstad 13. august 2025

Turen går som planlagt! Det er meldt fint turver

Flotte Snøhornet på Lauvstad, ligg i munninga av Dalsfjorden og er godt synleg frå Volda sentrum. Turen vert skildara som ein middels tung tur, men utsikta over fjord og fjell frå toppen er verdt innsatsen. Du kan lese meir om turen på morotur.no.

Turen er eit av mange arrangement under Naturfestivalen

Oppmøte: Ferje frå Volda kl. 09.50. Oppmøte på ferjekaia seinast 09.40 for å samordne køyring. Du kan også møte oss ved turstart eller på Lauvstad. Treng du skyss frå Lauvstad, må du kontakte turleiarane på førehand.

Turleiarar: Runa Bakke tlf. 91621147 og Sonja Håvik 97300784

Ta med: Klede og sko etter vêr og forhold, og mat og drikke.

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Vi kan freiste med enkel servering, så du kan ta kveldsmaten her. […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar