Tilbakeblikk på 2024

Året starta med fint skiføre og 5. februar sette vi gang med dameskikveldar. Det var litt usikkert om vi fekk det til i år, men vi klarte det ved å ha tilbod annankvar mandag. Tekk til dei som stilte opp! I 2025 satsar vi på kvar mandag

Magne Haugens minnefond har to søknadsfristar: 15. februar og 15. august. Desse fekk midlar i år:

  • VTI allidrett/skileik på Sunnmøre: støtte til utstyr kr. 8 100
  • VTI allidrett: støtte til utstyr til skøyteslipemaskin kr. 2 500
  • Melshornets venner: Prosjekt Turnhytta kr. 150 000
  • Austefjord IL: frukt, drikke til aktivitetsdagar kr. 5 000
  • DNT Sunnmøre: Gratis hytteovernatting kr. 20 000
  • Volda skisenter: driftsstøtte gratis barneskikøyrin kr. 60 000
  • Eventyr i parken kr. 20 000
  • Volda rideklubb: Gratis rideleir kr. 30 200
  • BUA Volda: driftsstøtte kr. 50 000

Stikk UT! Også i 2024 har Friluftsforeninga samarbeidd med Volda kommune om stikk UT! Frivillige har har gjort ein viktig jobb med å få ut skilt og kodelappar på mange av turmåla.

Mandagstursesongen starta som vanleg første mandagen i mai og varte til siste mandag i september, med eit opphald på sommaren. Veret har ikkje heilt vore med oss i 2024. Det starta bra, men på mange av turane har det vore nokså rufsete, men vårsesongen vart avslutta med ein kjempeflott tur til Måsegga i Austefjorden. Ein nydelig mandagskveld!

Haustturen blei flott! Vi fekk ei fin og kjekk helg i Balestrand med fin tur til Raudmelen på lørdag. Dette var hovudturen. Søndag delte vi oss alt etter kvar reisa heim gjekk. Dei fleste tok turen til Tjugatoten.

Aktivitetar for barn og unge har vi ikkje lukkast med å få til sjølve, men vi har eit samarbeid med DNT Sunnmøre og det er starta Turboklubb i Volda. Elles annonserer vi andre sine aktivitetar i våre kanalar og vi gir støtte til aktivitetar for barn og unge gjennom Magne Haugens minnefond. I år må særleg nemnast Eventyr i Parken som vi var med på å arrangere for andre gong (i Hornindal i fjor). Mange møtte opp på forestillingane sjølv i regnver. Dette var absolutt vert å få med seg! Ei takk til Kristian Glomnes Selon som var primus motor for å få dette til!

Arbeidet med klopping, skilting og merking held fram. I år må særleg nemnast Volda ungdomsskule som har sørga både for å bygge kloppane og gjort grovarbeidet med å bere dei ut dit dei skal. Takk! Til våren må det nok til ein dugnad med å legge dei godt til rette.

Voldadagen 28. september deltok vi med stand med heilt ny roll-up. Mange stakk turen innom for å høyre om tilboda våre.

Fleire aktivitetar

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

NB! Denne veka er mandagsturen flytta til TORSDAG Denne gongen tek vi turen opp fine Klungsdalen til Haddalshornet. Turen går på fin sti til topps, der det er flott utsikt! […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Mandagstur til Røddalshornet 1. juni 2026

Turen gjekk til Røddalshornet i Sande kommune. Det er ein tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km. Mange let seg nok skremme av regnet tildegare […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Aktivitetar