Sunniva imponerer igjen!

Sunniva Vågen Dimmen har i fleire år vore ein storsamlar av StikkUT!-turmål. Nok ein gong har ho gått heilt til topps blant StikkUT!-deltakarane i Volda. Heile 502 StikkUT!-turar og 28 av 29 turmål i Volda kommune har ho tatt. I tillegg har det blitt åtte turar i Ørsta, så til saman 510 turar. Det er verkeleg imponerande! Far Torgeir har fått vere med på «slep» på nokre av turane, mellom anna på turen til Rotsethornet 28. september.

Ikkje berre går Sunniva turar. Ho er også ein viktig bidragsytar når det gjeld å få ut kodelappar og skilt. Ho er soleis med på å legge til rette for at Stikk UT! har blitt eit populært turopplegg. Utan frivillige som hjelper til, hadde nok ikkje StikkUT! vore det same.

No er det snart ny StikkUT!-sesong, så gjer som Sunniva: Sit ikkje inne og stur, men ver lur og gå ut ein tur 🙂

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar