Friluftsliv for alle, året rundt
Ver lur, stikke ut ein tur 🙂
Fottursesongen varer frå 1. mai til 31. oktober og ski-/vintersesongen startar 1. desember og varer til 2. påskedag eller 15. april.
Du har mange turmål å velge mellom i mange kommunar! Du finn dei i stikkut-appen og på stikkut.no
I Volda kommune finn du turmål spreidde rundt om i kommunen, med varierande vanskegrad og noko for ein kvar smak. Graderinga er slik (frå enkel til krevjande): grøn > blå > raud > svart.
Om vinteren er det både skiturar og fotturar. Du skal helst ikkje gå til fots på skiturane, Det blir lagt ned mange timar frivilleg arbeid i å lage skispor, så om du går til fots, pass på at du ikkje øydelegg skispor og preparerte løyper.
Det kan vere lurt å lese turomtalane før du går på nye stadar og for å sjå kvar turmålet/kodelappen er plassert. Turomtalane finn du både på stikkut.no og i stikkut-appen.
Turmål og meir informasjon finn du på stikkut.no
Friluftsforeninga har ansvar for skiturane til Rotevassdalen, Rotevassætra, Dinglavatnet og Vardehornet, men her er fleire turar i tillegg til desse i kommunen.