Stikk UT!

Du kan gå på Stikk UT!-jakt både sommar og vinter

Sommarsesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Stikk UT! Vinter og Stikk UT! Ski har sesong frå 1. desember til 2. påskedag. Brosjyrer og kart vil dei fleste få i postkassa, og du finn også turane på stikkut.no og i Stikk Ut!-appen.

Følg gjerne med på Sunnmøre Friluftsråd si facebook-side så held du deg oppdatert 🙂 Det finnast også ei privat side som heiter Stikk Ut 2024 der du kan få og dele tips om Stikk UT!-turane.

Kommunen har hovudansvar for Stikk Ut! og samarbeider med lag og organisasjonar, mellom anna Friluftsforeninga.

Skiturane er det ulike lag og organisasjonar som har ansvar for . I Volda kommune er det Friluftsforeninga, Volda skisenter, VTI Nordisk og Hornindal IL som deler på ansvaret for skiturane.

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar