Naturfestivalen 2025

Naturfestivalen er tilbake! Her er litt av kvart å finne på i perioden 7. – 19. august.

DNT Sunnmøre er hovudarrangør, med mellom anna Friluftsforeninga som medarrangør. Friluftsforeninga har ansvar for desse turane.

  • Fyrdsheida mandag 11. august kl. 18. Dette blir også starten på haustens mandagsturar
  • Snøhornet på Lauvstad onsdag 12. august kl. 9.40 (ferge til Lauvstad kl. 9.50)

Turleiarar: Runa Bakke tlf. 91621147 og Sonja Håvik 97300784. Du er velkomen til å bli med Friluftsforeninga på tur 🙂

Les meir om desse turane og andre aktivitetar her: Program for Naturfestivalen 2025

Fleire aktivitetar

Torsdagstur til Haddalshornet 18. juni 2026

NB! Denne veka er mandagsturen flytta til TORSDAG Denne gongen tek vi turen opp fine Klungsdalen til Haddalshornet. Turen går på fin sti til topps, der det er flott utsikt! […]
Les meir

Mandagstur til Tverahornet 8. juni 2026

Yr melde regn, men det hindra oss ikkje i å ta turen til Tverahornet. Ein mild kveld, med stort sett opphaldsver, men på toppen fekk vi litt vind og regn. […]
Les meir

Mandagstur til Røddalshornet 1. juni 2026

Turen gjekk til Røddalshornet i Sande kommune. Det er ein tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km. Mange let seg nok skremme av regnet tildegare […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Aktivitetar