Nærturar på onsdagar

På årsmøtet i mars kom det spørsmål om Friluftsforeninga Volda kunne tenke seg å ha eit turtilbod der turane var litt kortare og enklare enn mandagsturane. Dette syntest vi var ein god ide, så no startar vi opp og prøver oss litt fram. Turdag vil vere onsdagar og første tur går til gapahuken på Lid 14. mai.

Oppmøte tvers over vegen for Globalskulen (Kårstadvegen 5 i Volda) litt før kl. 18, avreise presis kl. 18. Vi tek oss tid til ei lita pause, så kle deg for det. Og ta gjerne med noko lite å drikke eller ete.

Har du spørsmål? Kontakt Sonja Håvik, tlf. 973 00 784

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar