Friluftsliv for alle, året rundt
Vi hadde ein fin tur til Ytrehovdeåsen der vi mellom anna fekk sjå ørn på nært hald. Det var eit flott syn. Vi var sju på tur og har plass til fleire 🙂
På Hovdeåsane er det eit nettverk av fine turstiar, mellom anna den vi tok i dag til Ytrehovdeåsen. Vi starta frå parkeringsplassen ved Hovdevatnet (Badeberget) og gjekk turrunda som er omtala på morotur.no. Ei fin turrunde som går delvis på skogsveg og delvis på god sti, og som går innom Digernesnakken som er eit fint utsiktspunkt.
Neste onsdag går turen til Tua frå Eidheim