Nærtur til Tua 18. juni 2025

Denne onsdagen skulle turen gå til Tua frå Eidheim. Men fordi det var meldt mykje nedbør, vart turen avlyst. Men kanskje har du lyst til å gå den på eiga hand? Dette er ein forholdsvis lett tur. 2,2 km kvar veg og 230 høgdemeter. Frå Tua har du flott utsikt utover mot Gurskøya, og også mot Lystad/Liadal. Mykje utsikt for strevet 🙂 Turen til Tua er første del av ruta til Helgehornet frå Eidheim


Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar