Mandagstursesongen 2024

Første tur gjekk til Storehornet og Nupatinden i Sande kommune den 6. mai. Så har det gått slag i slag kvar mandag t.o.m. 30. september, med ei lita sommarferiepause. I alt har vi hatt 14 turar ulike stadar på Søre Sunnmøre.

Vårsesongen hadde vi stort sett ganske bra ver, medan haustsesongen har vore prega av regnver mandagskveldane. Det har også gjort at færre har vore med på turane etter sommarferien.

Fun facts:

  • 14 turar
  • mellom 2 og 11 på kvar tur
  • total har 25 personar vore med på turane

Mai neste år er vi klare med nye turar. Har du tips/ønske så ta kontakt!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Røddalshornet 1. mai 2026

Turen går til Røddalshornet i Sande kommune. Det er tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km og super utsikt både undervegs og på toppen Om […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Mandagstur til Øyrahornet 11. mai 2026

Denne flotte mandagskvelden gjekk turen til Øyrahornet. Det er god sti frå Tjørvåg,- jamn stigning på ca. 400 høgdemeter og 1, 4 km. Frå toppen er det ei fantastisk utsikt. […]
Les meir

Mandagstursesongen 2026

Turprogrammet er klart og vi startar mandag 4. mai 🙂 Les meir her: https://www.friluftsforeninga.no/mandagstursesongen-2026/
Les meir

Aktivitetar