Mandagstur til Horndalsvatnet 30. juni 2025

Vi fekk ikkje tatt turen til Rambjørhornet denne mandagen heller. Vi vil ha opplett og utsikt når vi skal dit, og i dag var det usikkkert om vi fekk det. Men vi fekk ein fin tur til Horndalsvatnet. Vi gjekk opp den gamle råsa frå Nymarka til Høgedalen og vidare opp til Horndalsvatnet og opp til ei høgde med flott utsikt.

No er det mandagsturpause til 11. august. Då tek vi turen til Fyrdsheida under Naturfestivalen. Sjekk gjerne programmet, kanskje er det noko for deg der 🙂

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Vi kan freiste med enkel servering, så du kan ta kveldsmaten her. […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar