Mandagstur til Fyrdsheida 11. august 2025

Turen er eit av fleire arrangement under Naturfestivalen

Regnet pøste ned tidleg på dag, men på kvelden hadde vi ikkje ein regndrope. Litt vått i marka, men det var vi budde på. Vi var i alt seks med på turen; to frå Volda, ei frå Ørsta, ein frå Vestnes, ein frå Helsingborg og ei frå Kongsvinger. Ein kjekk turgjeng med godt turhumør

Turen starta frå Austefjord barnehage (Fyrdsvegen 94, 6110 Austefjorden). Det er flotte utsiktspunkt undervegs og på toppen hadde vi fin utsikt ned mot m.a. Fyrde og ut Voldsfjorden. Ikkje minst var det eit flott lys der strålande bryt ned.

Du kan lese meir om turen her https://morotur.no/tur/fyrdsheida

Både bregnene og lyngen har hatt gode vekstvilkår
Første utsiktspunkt; ved Sprengebakken
Gjengen på toppen. Sistemann er bak kamera 🙂
Utsikt ned på Fyrde
Nydelig lys!
Vi valgte kuråsa. Litt mindre stein enn Fjellråsa, men den er også grei

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Vi kan freiste med enkel servering, så du kan ta kveldsmaten her. […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar