Mandagstur 5. juni til Tyssenaustet

Denne gongen tok vi mandagsturen på ein ONSDAG.

Vi gjekk denne ruta med start på Bjørke: https://ut.no/rutebeskr…/136742/fra-bjrke-til-tyssenaustet. Denne ruta har blitt brukt som overgang frå Bjørke og til mellom anna Hornindal. Der gjekk turen vidare med båt over Tyssevatnet.

Tyssenaustet er eit ombygd naust på nordvestsida av Tyssevatnet på Bjørke i Hjørundfjorden. Naustet er omgjeve av dramatiske fjelltoppar på alle kantar.

Ein litt krevjande tur på 600 høgdemeter, men det gjekk som ein leik i omgjevnader med fantastisk utsikt og dramatiske og flotte fossefall. Vervarselet var så som så, men vi fekk berre litt regn, litt sol og flott regnboge. Oppe ved hytta kom det eit regnskyll, men då hadde vi søkt ly i hytta. Vi var fem som ikkje lot oss skremme av vermeldingane.

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar