Mandagstur frå gapahuk til gapahuk 29. september 2025

Gapahukens dag blir kvart år markert den 27. september. Kva var då meir naturleg enn å avslutte mandagstursesongen med ein gapahuk-tur.

Turen gjekk frå gapahuk til gapahuk i nydelig kveldssol: Til Grinda frå Engesetgeila. På skogsveg til Prestesæterhuken. Så opp skogsvegen til høgda før Skitnevatnet. Der gjekk vi stien over til Heltnelihuken.

Heile tre StikkUt-postar fekk vi med oss. Vi tok oss god tid i Heltnelihuken der litt av kvart stod på menyen: Dumle, kvikklunsj-bitar, sjokodrikk med utgått dato i 2023, eple, mandarin, seigmenn og -damer

Løypa er ca. 7 km. Sjå kart under.

Løypa. Gapahukane markert med raud prikk
Nydelig solnedgang
Nydelig utsikt frå Heltnelihuken

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar