Friluftsliv for alle, året rundt
Sidan mandag var jonsokaftan, vart mandagsturen flytta til tirsdag 🙂
Planen var å ta turen til Rambjørhornet, men der låg det tåke på toppen. Vi vart difor samde om å heller ta turen til Brekkeheida. Vi gjekk opp denne ruta. Ei bratt oppstiging med fine utsiktspunkt undervegs. Vi gjekk bort til pølsa, vidare til Brekkesætra, så ned Hellevegen til første skogsveg som vi fulgte tilbake til stien vi kom opp. Ei fin, flugefri turrunde. Neste mandag satsar vi på å besøke Rambjørhornet.
Hellevegen er ei hellelagt rås opp til Brekkesætra i Ørsta. Hans I. Brekke (1868-1943) bygde denne vegen. Det seiest at han bygde denne vegen fordi han var betatt av ei budeie som sætra på Brekkesætra og ville lage ein lettare veg opp til sætra for ho. Om dette er ein myte eller ikkje er ikkje godt å vite 😉 Her kan du lese meir om Hellevegen