Mandagstur til Melssætra 22. september 2025

Vi gjekk skogsvegen frå Melsvegen i godt driv. Det regna godt, men vi fekk også gløtt av blå himmel og kvite toppar. På Melssætra fann vi merka sti over mot Krøvelseidet. Vi fulgte denne til vi møtte skogsvegen. Her er det mulig å gå vidare på sti til Krøvelseidet, men det var ingen av oss som valgte det i dag. Så då blei det skogsvegen tilbake til start. Det er tatt ned mykje skog og det lukta godt av ferskt tømmer. Tre turgåarar våga seg ut i regnveret. Frisk luft er alltid godt 🙂

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar