Mandagstur til Årsetsætra 16. juni 2025

Vermeldingane er litt usikre, men ein fin tur til Årsetsætra blir det uansett. Turen startar ved gamle Årset skule i Austefjorden, går på fin sti og følger denne turomtalen i 1,2 km til ca. 400 moh. Turen er ca, 2,2 km kvar veg og 430 høgdemeter. Ein middels tung tur

Årsetsætra er ei perle som ligg fint til på ei høgde, og med godt utsyn mot Austefjorden.

Oppmøte ved p-plass tvers over vegen for Globalskulen, Kårstadvegen 5, litt før kl. 18. Då rekk vi å organisere samkøyring. Avreise presis kl. 18

Sonja Håvik er turleiar på denne turen: tlf. 97300784

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar