Friluftsliv for alle, året rundt
Denne mandagen tek vi turen til Botnasætra og Kråkenakken. Vi går på skogsveg til Botnasætra. Kråkenakken er ein lite avstikkar vidare frå der vegen stoppar. Her er ei fantastisk utsikt over Vikebygda, Volda, Åmdalen og Follestadalen. Turomtale finn du her: https://morotur.no/tur/kraakenakken-via-botnasaetra
Kråkenakken er ein av fleire hoppbakkar som har vore rundt om i Volda.
Dette kan ein lese i eit stykke av Audun Nedrelid på facebook: «Når du har vore tilskodarar eller deltakar på hoppren i Volda sin største hoppbakke, Kråkenakken. Det er no 40 år sidan det siste rennet her, så naturen hadde nesten sletta alle spor etter den flotte hoppbakken . Nokre « tullete» pensjonerte Vikebygdingar syntes det var for gale å la dette fantastiske byggverket gå i gløymeboka. Store mengder fjell vart sprengt ut, frakta burt i bakken med handmakt og mura i fleire meters høgde. Er enormt arbeid som Ottar Fremmerlid var bas for, bakken var fyrste gong hoppa i 1934. Det var fleire renn framover på 30-40-talet. Etter krigen var det også mange, om ikkje årlige renn. Nokre av oss som no har rydda bakken, har vore deltakarar frå 1965 ,og framover til 1981.» Siste hopprennet var truleg i 1981år kunne få en Stikk Ut post på kulen??, det er ein fin tur for både store og små,
HUGS LYKT I SEKKEN!
Her finn du informasjon om oppmøtestad og anna informasjon om mandagsturane: https://www.friluftsforeninga.no/mandagsturar-2/