Kloppar på plass mellom Turnhytta og Dunderhoff!

Dugnadsånda lever! Sjå kor flott det blir med kloppar over dei våte områda frå Turnhytta mot Dunderhoff! Takk til gjengen som har ordna, og til Sparebank1 Søre Sunnmøre som støttar tiltaket økonomisk.

Ungdomsskuleelevane har bygd fleire kloppar, så det er ikkje slutt med dette. Neste området blir truleg øvste del av stien mellom Ikornbakken og Prestesætrevegen. Dette er ein sti som svært mange brukar og som har eit vått/gjørmete område øvst.

Fleire aktivitetar

Årsmøtet 2026

Vel gjennomført årsmøte torsdag 19. mars 2026. Her finn du årsmelding og protokoll frå årsmøtet. Ny i styret er Else-Lill Riise. Velkomen til henne og takk til Mona Kile som […]
Les meir

Hausttur 2026

Turen vert laurdag – søndag siste helga i august. Dette blir ei flott helg med to spektakulære turar! Påmelding innan 1. juli Påmeldingslenke. Første mann/kvinne til mølla.
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år i 2026, så velkomen til å vere med på aktivitetane våre.
Les meir

Aktivitetar