GOD JUL OG GODT NYTTÅR FRÅ FRILUFTSFORENINGA!

Nok eit år har gått, eit år heilt annleis enn tidlegare år. Også for Friluftsforeninga. Dameskikøyringa mangla snø heilt til landet vart stengt ned, og då stoppa koronaen skikveldane. Mandagsturane kom først i gang 18. mai, med restriksjonar. Vi hadde også eit alternativ, 11 turar på 11 veker, for dei som ikkje ønskte å delta på fellesturane.