Stikk UT! vinter 2023/24

Vintersesongen for Stikk UT! er i gang. No både finn og registrerer du fot- og skiturar på stikkut.no eller i stikkut-appen. Og jakta på turmål kan du halde fram med heilt til 2. påskedag.

Det er heile 23 turar i Volda kommune, av desse 10 skiturar. I tillegg finn du mange fine turmål elles i fylket, totalt 392 turmål, så her kan du velge og vrake! Les om StikkUT! på volda.kommune.no

I år har Friluftsforeninga ansvar for fire turar:

  • Rotevassdalen halvvegs til Rotevassætra (ny)
  • Vardehornet (ny)
  • Rotevassætra
  • Dinglavatnet

Det er sjølvsagt lov å registrere seg sjølv om ein går til fots på skiturane, men når det er trakka spor, bør du unngå å lage fotspor i skispora.

GOD TUR!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Vi tek turen til Hestehornet denne mandagen. NB! AVREISE KL. 17.30 Velkomne på tur og HUGS LYKT I SEKKEN 🙂 Les meir om mandagsturane her
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Mandagstur til Levandehornet 24. august 2026

Denne mandagen tok vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet MEN vi reiste frå sol i Volda til overskya og skodde på toppane på […]
Les meir

Aktivitetar