Sponsormidlar frå Tussa

I dag fekk vi e-post frå Tussa om at dei støtta oss med kr. 2000

Dei skriv mellom anna dette:

Sponsormidlane går i all hovudsak til frivillige lag og organisasjonar som driv målretta barne- og ungdomsarbeid, eller på andre måtar bidreg positivt i nærmiljøet vårt. 

Tussa vil støtte dykk med kr 2000.

Tussa sitt hovudmål for tildeling av sponsorstøtte er å bidra til aktivitet som gjer bygdene våre til attraktive stader å bu, arbeide og besøke. Tildelinga av sponsormidlar skal også opplevast styrkande og positivt for Tussa sitt omdømme.

Vi er glade for at Tussa ser verdien av arbeidet vi gjer i Friluftsforeninga. Takk for støtta!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Litleua 4. mai 2026

Vi startar årets mandagstursesong med tur til Hareid kommune, nærmare bestemt til Litletua: https://kart.stikkut.no/litletua-fra-holesanden. Ein fin, nokså lett tur, med flott utsikt. Viss du ikkje har vore med på mandagsturar før, […]
Les meir

Årsmøtet 2026

Vel gjennomført årsmøte torsdag 19. mars 2026. Her finn du årsmelding og protokoll frå årsmøtet. Ny i styret er Else-Lill Riise. Velkomen til henne og takk til Mona Kile som […]
Les meir

Hausttur 2026

Turen vert laurdag – søndag siste helga i august. Dette blir ei flott helg med to spektakulære turar! Påmelding innan 1. juli Påmeldingslenke. Første mann/kvinne til mølla.
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

Aktivitetar