Støtte frå Sparebank1 Søre Sunnmøre

Vi har mottatt kr. 50.000 i støtte til klopplegginga av stiar! Tusen takk!

Vi er i gang med å legge ut kloppane som elevar Volda ungdomsskule lagar. Dei første er delvis komne på plass frå Turnhytta mot Dunderhof. Nokre er klare til å bli lagt ut over våte/myrete område mellom Vardehornet og Lomtjønna. Det skal også på plass fleire i starten av stien til Vardehornet. Og på stien som går mellom vegen ovanfor Heltnelihuken og Prestesætrevegen, har vi også planar om å legge ut kloppar i øvre del. Så får vi sjå kor langt pengane held.

Klopping skal gjere det trivelegare på tur, men det skal også vere med på å redusere slitasje på naturen ved at stiar ikkje veks utover etterkvart som dei blir slitt.

Dette får vi til med godt samarbeid mellom ungdomsskulen, Volda kommune, grunneigarar og ikkje minst frivillige som gjer dugnadsarbeid!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Røddalshornet 1. mai 2026

Turen går til Røddalshornet i Sande kommune. Det er tur med jamn stigning på ca. 385 høgdemeter og 1, 7 km og super utsikt både undervegs og på toppen Om […]
Les meir

Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tok vi turen til Fyrdsheida. Turen starta ved tidlegare Austefjord skule og gjekk i fin furuskog som etter kvart opna seg. Flott utsikt frå toppen! Ein fin kveld […]
Les meir

Mandagstur til Øyrahornet 11. mai 2026

Denne flotte mandagskvelden gjekk turen til Øyrahornet. Det er god sti frå Tjørvåg,- jamn stigning på ca. 400 høgdemeter og 1, 4 km. Frå toppen er det ei fantastisk utsikt. […]
Les meir

Mandagstursesongen 2026

Turprogrammet er klart og vi startar mandag 4. mai 🙂 Les meir her: https://www.friluftsforeninga.no/mandagstursesongen-2026/
Les meir

Aktivitetar