Reisa til adventssjerna

Den 26. november skjedde det! Då blei stjerna i Kalsethola tent.

Tradisjonen tru, var det lystog opp til Kalsethola. Toget starta kl. 17.30 frå tunnelopninga ved Rotsethorntunnelen, med Friluftsforeninga sitt barneturlag i front. Då toget kom opp, blei stjerna tent og no skin ho så fint for oss 🌟

Nokre grilla på bålpanna, og det vart servert gløgg og peparkaker til alle som tok turen.

Det var ein flott kveld og heile 300 tok turen!

Viss du vil støtte drifta av stjerna, kan du vippse til 582697.

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Levandehornet 24. august 2026

Denne mandagen tek vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet Ca. 500 høgdemeter og 2,5 km ein veg. Turen er litt krevande Eit visst […]
Les meir

Mandagstur til Vedviknibba 17. august 2026

Etter mange dagar med regn, dukka sola endeleg opp på denne mandagen! Vedviknibba stod på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Vi starta ved Tua […]
Les meir

Mandagstur Hombersetsætra – Rotevatnet 29. juni 2026

Siste mandagstur før sommarferien starta på Homberset. Det var regn i lufta så vi bestemte ganske raskt at vi skulle gå den alternative ruta og ikkje ut til Rotsethornet. Men […]
Les meir

Mandagstur til Rambjørhornet 22. juni 2026

Rambjørhornet (frå Mosætra) var turmålet denne mandagen. Fin liten topptur med flott utsikt mot Ørsta sentrum, Mosegga, Sandhornet, Brekkeheida, Kjerringa, Saudehornet og Vassdalstinden. Vi fekk ein fin kveld, til og […]
Les meir

Aktivitetar