Friluftsliv for alle, året rundt
Du kan gå på Stikk UT!-jakt både sommar og vinter.
Sommarsesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Stikk UT! Vinter og Stikk UT! Ski har sesong frå 1. desember til 2. påskedag/15. april. Brosjyrer og kart vil dei fleste få i postkassa, og du finn også turane på stikkut.no og i Stikk Ut!-appen.
På vinterturane ber vi om at du ikkje går på beina i oppkøyrde skiløyper og øydelegg mange timars dugnadsarbeid. Hald deg eventuelt godt i utkanten av den opptrakka løypa.
Følg gjerne med på Sunnmøre Friluftsråd si facebook-side så held du deg oppdatert 🙂 Det finst også ei privat gruppe der du kan få og dele tips om Stikk UT!-turane.
Kommunen har hovudansvar for Stikk Ut! og samarbeider med lag og organisasjonar, mellom anna Friluftsforeninga.
Skiturane er det ulike lag og organisasjonar som har ansvar for . I Volda kommune er det Friluftsforeninga, Volda skisenter, VTI Nordisk og Hornindal IL som deler på ansvaret.
GOD TUR 🙂