Om Magne Haugens minnefond

Friluftsforeninga sitt barneturlaget var ein av fire testamentsarvingar etter Magne Haugen som døde i 2016. Magne Haugen ønskte at arven skal gå til gode opplevingar for barn og unge i Volda/Ørsta. Magne Haugen vaks opp i Ørsta kommune, men flytta til Molde og budde det meste av sitt vaksne liv der. Han vart 71 år.

Haugen ønskte å testamentere det meste av det han etterlot seg til fire organisasjonar som har tilbod til barn og unge. Han var opptatt av at barn frå vanskelegstilte familier skal få gode opplevingar. Dei tre andre organsisasjonane er Ørsta Røde Kors, Norges Røde Kors («Ferie for alle») og Opplevelseskortet.

Saka om testamentet gjekk gjennom rettsapparatet i okt -18, før det endeleg vart konstatert at det var gyldig og dermed skal leggast til grunn. I mai 2019 vart arveoppgjeret avslutta og kvar av testamentsarvingane mottok 3,8 mill.  Vi tek i mot dette med ærefrykt og vil forvalte det på best mogleg måte for barn og unge i Volda/Ørsta. Vi rettar ei stor takk til Magne Haugen for gåva!

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar