Friluftsliv for alle, året rundt
Dameskikveldane starta 12.01.2026 med godt oppmøte!
Friluftsforeninga tilbyr skikveldar for damer. Kvar mandagskveld, så sant det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl. 18.30-21.00. Ei stor takk til Volda skisenter!
Kontaktpersonar: Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 og Runa Bakke, tlf.: 91621147
Lurer du på om det er skiføre? Sjekk voldaskisenter.no, friluftsforeninga si fb-side eller Instagram (frilufstforeninga_volda)
Damekveldane passar godt for deg som er usikker på ski, for deg som ønsker å trene i trygge omgjevnader og for deg som har lyst til å renne på ski i lag med andre damer. Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det, og vi hjelper kvarandre.
Familietrekket/familiebakken
Bakken er 300 m. lang, nokså slak og med litt meir stigning øvst. Den passar fint for nybyrjarar og elles alle som ønsker å øve seg på ski. Vi tilpassar farta i trekket slik at du skal kjenne deg trygg når du tek det.
Medlemstilbod
Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Du må altså betale medlemskontingent for å vere med på dette (familiemedlemskap: kr. 250/år). Du kan få ein prøvekveld dersom du lurer på om dette er noko for deg.
Betaling
Medlemsavgift på kr. 250 til Friluftsforeninga. Du får ein prøvekveld før du bestemmer deg om du vil melde deg inn. Men hugs at vi har mange andre aktivitetar og at du støttar Frulifstforeninga sitt arbeid ved å betale medlemsavgifta.
Volda Skisenter krev ikkje betaling.
Vi vil på det serkaste oppmode om at de som deltek på dameskikveldane gir ei frivilleg støtte til Volda skisenter. Vipps til #131285.
Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på dameskikveldane på Reset!
Vi er ein liten gjeng med «vakter», men vil gjerne ha med fleire. Kan du bidra nokre mandagskveldar i løpet av skisesongen, vil vi gjerne høyre frå deg. Du må vere trygg på ski, men treng ikkje vere superflink. Dette er sosialt og kjekt! Kontakt Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 eller Runa Bakke, tlf.: 91621147